Jan Hansen

norsk fotballspelar

Jan Egil Hansen (fødd 14. februar 1955) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Trondheim, kjend for sine 14 sesongar i Rosenborg Ballklubb.

Jan Hansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1955 (69 år)
Trondheim
Yrke fotballspelar

Hansen spelte på Ranheim IL til 1974. Våren 1975 melde han overgang til Rosenborg BK, der han snøgt fekk fast plass på midtbana. Laget var då inne i ei nedgangstid, som enda med nedrykk til 2. divisjon i 1977. Sjølv om klubben rykte oppatt året etter, måtte Hansen vente til 1985 før han fekk oppleve noko stort med RBK. På heimebane sikra Rosenborg seg seriemeistertittelen i aller siste seriekampen. I sin siste sesong, 1988-sesongane, var han med å vinne på seriegull og noregsmeisterskapen. Hansen spelte 234 kampar og skåra 36 mål for Rosenborg.

Hansen spelte 19 landskampar for Noreg tida august 1975 og juli 1981, utan å kome på skåringslista.

Kjelder

endre

fotball.no