Janni Kjær (fødd 19. september 1962), opphavleg Janni Brodersen, er ei dansk forretningskvinne og tidlegare direktør i reisebyrået Spies Rejser.

Janni Kjær
Fødenamn Janni Brodersen
Statsborgarskap Danmark
Fødd 19. september 1962 (61 år)
Herlev
Yrke forretningsdrivande
Ektefelle Simon Spies, Christian Kjær
Partnar Gunnar Hellström

11. mai 1983 gifta ho seg med den langt eldre reisebyrådirektøren Simon Spies i Holmens kyrkje i København. Etter at mannen døydde i 1984 arva ho firmaet hans, Spies Rejser, og dreiv det vidare. I 1988 gifta ho seg på nytt, då med Christian Kjær. Etter detta heitte ho Janni Spies-Kjær og seinare berre Janni Kjær. 3. januar 1989 kjøpte ho firmaet Tjæreborg Rejser. Spies/Tjæreborg Rejser vart i 1996 selt til engelske Airtours (no Thomas Cook).

Hausten 2008 skilde Janni Kjær seg frå Christian Kjær. Dei har dottera Michala og sonen Christopher saman.

Historia til Janni Kjær vart brukt som ei inspirasjonskjelde til dei første historiene i den norske såpeserien Hotel Cæsar.

Kjelder endre