Jannu
Jannu, også Kumbhakarna, er ein fjelltopp vest for Kantjendjunga, eit høgre fjell som ligg 10 kilometer unna på den same lange fjellryggen i Himalaya. Med sine 7 711 meter over havet er Jannu den 32. høgste fjelltoppem på jordkloten. Mellom fjellklatrarar er fjellet kjent for den svært krvejande ruta opp nordveggem og for dei ekstreme klimatiske tilhøva med kulde og stormver.
Fyrstebestiginga av Jannu fann stad den 28. april 1962 og vart gjennomført av Robert Paragot, Paul Kellar, René Desmaison og sherpaen Gyalzen Mitchu, dagen etter kleiv Jean Ravier, Lionel Terray og sherpa Wangdi til topps. Dei valde ei rute over Yamatari-breen på sørsida av fjellet til eit stort platå kalla Thron. Turen vidare gjekk over søraustegga til fjelltoppen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jannu» frå Wikipedia på tysk, den 31. mars 2014.