Jantra
Jantra (bulgarsk Янтра) er ei elv nord i Bulgaria, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Ho er 285 km (den tredje lengste sideelva til Donau i Bulgaria), og har eit nedslagsfelt på 7 862 km².
Jantra | |||
elv | |||
Jantra renn gjennom Veliko Tarnovo
| |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 862 km² | ||
Lengd | 285 km | ||
Kjelde | Sentralt i Balkanfjella | ||
• høgd | 1 340 moh. | ||
Munning | Donau, nær Svisjtov | ||
Jantra 43°24′33″N 25°40′45″E / 43.409166666667°N 25.679166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Yantra River |
Jantra har sitt utspring ved den nordlege foten av fjellet Hadzji Dimitar i sentrale område av Balkanfjella i ei høgd på 1 340 meter. Den øvre delen av elva vert ofte kalla Etar (Етър), det gamle namnet på elva. Elva munnar ut i Donau nær Svisjtov.
Ein finn mange juv langs elva, og det største ligg nær Veliko Tarnovo og har ei lengd på 7 km, sjølv om det eigentleg er dobbelt så langt på grunn av alle svingane elva gjer i området.
Av byar langs elva finn ein Gabrovo, Veliko Tarnovo, Gorna Orjahovitsa, Polski Trambesj og Bjala, nær den vidkjende brua Belenski most over Jantra.