Jarl Marischal
Jarl Marischal (Earl Marischal) er ein tittel som vart skapt som ein adelskalender i Skottland for William Keith, den store marischalen av Skottland.
Embetet «Marischal of Scotland» (marascallus Scotie eller marscallus Scotie) gjekk i arv hos Keith-familien frå Hervey (Herveus) de Keith, som hadde embetet Marischal under Malcolm IV og Vilhelm I. Etterkomarane etter Herveus, sir Robert de Keith (d. 1332), vart stadfesta i embetet av Robert Bruce kring 1324.
Oldebarnet til Robert de Keith, William, vart Earl Marischal av Jakob II kring 1458. Adelskapet døydde ut då George Keith, den 10. jarlen, vart med i jakobittopprøret i 1715.
Rolla til Marischal var å tene som vaktar for dei kongelege i Skottland, og verne kongen personleg då han møtte opp i parlamentet.
Marischalar og stor-marischalar av Skottland
endre- Hervey de Keith (d. c. 1196)
- Philip de Keith (d. c. 1225)
- David de Keith (i lag med broren over og nevøen under)
- Hervey de Keith (d. ca. 1250)
- John de Keith (d. ca. 1270)
- William de Keith (d. ca. 1293)
- Robert Keith (d. 1332)
- Robert Keith (d. 1346)
- Edward de Keith (d. c. 1351)
- Sir William de Keith (d. ca. 1410)
- Robert de Keith (d. ca. 1430)
Earl Marischal (ca. 1458)
endre- William Keith, 1. jarl Marischal (d. 1463)
- William Keith, 2. jarl Marischal (d. 1483)
- William Keith, 3. jarl Marischal (d. 1530)
- William Keith, 4. jarl Marischal (d. 1581)
- George Keith, 5. jarl Marischal (ca. 1553–1623)
- William Keith, 6. jarl Marischal (ca. 1585–1635)
- William Keith, 7. jarl Marischal (1614–1671)
- George Keith, 8. jarl Marischal (d. 1694)
- William Keith, 9. jarl Marischal (ca. 1664–1712)
- George Keith, 10. jarl Marischal (ca. 1693–1778) (forfeit 1715)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Earl Marischal» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Balfour Paul, Sir James-The Scots Peerage Vol. VI. Edinburgh 1909
- Taylor, James (1887). «The Great Historic Families of Scotland: The Keiths». Henta 19. april 2012.