Jaume Bartumeu Cassany (fødd 10. november 1954) er ein andorransk advokat og politikar og statsminister i Andorra frå 5. juni 2009 til 11. mai 2011. Frå 1990 til 1992 var han finans- og handelsminister. Han leiar det sosialdemokratiske partiet Partit Socialdemòcrata, som han var med på å stifta i 2000. Frå 2005 til 2009 var han opposisjonsleiar i parlamentet. Partiet hans vann parlamentsvalet 26. april 2009 med 45,0 % av røystene og 14 av 28 mandat i parlamentet.

Jaume Bartumeu

Fødd10. november 1954 (69 år)
Andorra la Vella
Statsborgar avAndorra
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Barcelona
Université Toulouse 1 Capitole
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervStatsminister i Andorra 2009-2011
FøregangarAlbert Pintat
EtterfylgjarAntoni Martí
Alle verv
  • Andorras statsminister (2009–2011)
  • medlem av Consell General (1992–2015)
  • varamedlem i Europarådets parlamentariske forsamling (1995–2001)
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (2003–2008)
  • minister of Finance, Commerce and Industry (1990–1992) Sjå dette på Wikidata