Jazzmusikaren Larry Williams
Lawrence Lowell «Larry» Williams er ein USA-amerikansk produsent, komponist, arrangør og multiinstrumentalist som var med å skipe jazzfusiongruppa Seawind i midten av 1970-åra.[1] Han har òg arbeidd mykje som studiomusikar og spelte mellom anna saksofonsoloen på Sheila E. sin «The Glamorous Life» og har spelt saksofon, klaverinstrument og gjort arrangement for George Benson, Michael Jackson (Thriller, Off the Wall og Bad), Quincy Jones og Mika. Han har ofte turnert og spelt i studio med Al Jarreau.[2] For film og fjernsyn har han spelt saksofon i filmen Dreamgirls og i fleire Grammy-vinnande TV-sendingar i 2000-åra.[3]
Larry Williams | |||
| |||
Fødestad | Kansas City i Kansas | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Lawrence Lowell Williams | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | populærmusikk, soul | ||
Instrument | Klaverinstrument, saksofon, fløyte, klarinett | ||
Tilknytte artistar | Seawind, Al Jarreau, Sheila E, George Benson | ||
Verka som | Produsent, komponist, arrangør og multiinstrumentalist |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Larry Williams (jazz musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.discogs.com/artist/Seawind
- ↑ Murph, John (September 2004). «Al Jarreau Accentuate the Swing (interview)». JazzTimes. JazzTimes. Henta 26. juli 2013. ««He knows me inside and out, Jarreau says of Williams. It was just natural for him to do the arrangements, because he knows where I've been, what I like doing, and how I am these days onstage.»»
- ↑ «WillyWorldMusic.com (official site)». Henta 8. november 2011.