Opna hovudmenyen

Jean-Max Bellerive (fødd 1958 i Port-au-Prince) er ein haitisk politikar som var statsminister i Haiti frå 2009 til 2011.

Jean-Max Bellerive
Bellerive, Jean-Max.jpg
Fødd 1958

Port-au-Prince

Parti Lespwa
Verv Statsminister i Haiti
 - periode 2009-2011
 - føregangar Michèle Pierre-Louis
 - etterfylgjar Garry Conille

Den haitiske presidenten, René Préval, nominerte etter ordre frå senatet Bellerive til å erstatte tidlegare statsminister Michèle Pierre-Louis 30. oktober 2009. Dagen før stemde 18 av dei 29 senatorane i Senatet for å avsetje Pierre-Louis etter skuldingar om for dårlege resultat i leiinga av den økonomiske utviklinga i Haiti, ettersom ho òg var finansminister.

Bellerive er gift, og er far til to jenter. Som son av ein framståande lege forlét han heimlandet i svært ung alder for å studere i Sveits, Frankrike og Belgia. Han er utdanna innan statsvitskap og internasjonal politikk, og flytta tilbake til Haiti i 1986, rett før diktatoren Jean-Claude Duvalier vart styrta.

KjelderEndra