Jessica Rabbit er ein fiktiv karakter skapt av Gary K. Wolf, som debuterte i den humoristiske romanen hans Who Censored Roger Rabbit? frå 1981. Karakteren vart seinare nytta av Walt Disney og Amblin Studios i 1988-langfilmen Who Framed Roger Rabbit, som er laust basert på romanen til Wolf.

I filmen er Jessica Rabbit avbilda som ei særs fager teiknefilmkvinne og kona til kaninen Roger. Ho er namngjeten for å vere eit av dei mest kjende sexsymbola innan animasjon. Jessica er òg kjend for utsegna i filmen: «I'm not bad, I'm just drawn that way.», som er kåra til det 83. beste sitatet i filmhistoria av American Film Institute.[1]

Kjelder endre

  1. «Våger mer enn en tilsvarende film hadde turt i dag!». NRK. 19. april 2013. Henta 8. november 2019. 
  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.