Jo Tessem

norsk fotballspelar

Jo Stuen Tessem (fødd 28. februar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Brekstad i Sør-Trøndelag. Han var både angreps- og midtbanespelar. Ein treårsperiode frå 2001 aksla han den norske landslagsdrakta 9 gongar. Tessem har utvandra til Storbritannia.

Jo Tessem


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1972 (52 år)
Ørland kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Tessem spelte frå 1989 fjerdedivisjons-fotball med Opphaug IL (seinare Ørland BK). Etter 14 seriemål i 1993-sesongen flytta han til Oslo for å gå politiskule. Han melde seg inn i Lyn, som då spelte på nivå 2 i seriesystemet. I sin fyrste sesong med Lyn tok han og laget seg til NM-finalen 1994, der vart tap mot Molde FK. Med 15 seriemål vart Tessem lagets toppskårar då Lyn i 1996 vann avdeling A på nivå 2 og to seg til spel i eliteserien. Etter Lyn rykte ned att i 1997, valde Tessem å spele for Molde FK i 1998 og 1999. Begge sesongane vann han seriesølv med Molde, han fekk og erfaring med spel i meisterligaen.

Frå november 1999 til 2003 gjorde Tessem teneste i engelske Southampton FC. 17. mai 2003 deltok han i FA-cupfinalen som innbytar, ein kamp som enda med siger 1–0 til Arsenal FC. Våren 2004 spelte han på Lyn, hausten 2004 for engelske Millwall FC. Sidan var han atter Lyn-spelar åra 2005-07. I 2005 la laget beslag på tredjeplassen i eliteserien, Tessem og Jan Derek Sørensen skåra begge 8 mål og var laget sine toppskårarar i serien. Våren 2008 var Tessem aktiv for AFC Bournemouth.

Landslagsspel endre

I tida 28. februar 2001 til 18. februar 2004 deltok Tessem i 9 av Noregs landskampar. Pussig nok fann både debuten og avskjeden stad på Windsor Park i Belfast, to vennskapskampar som begge enda med store norske sigrar. Tessem skåra ikkje for Noreg.

Merittar endre

  • Sølv i eliteserien: 1998 og 1999 med Molde FK
  • Bronse i eliteserien: 2005 med Lyn
  • Finaletap i noregsmeisterskapen: 1994 med Lyn
  • Finaletap i FA-cupen: 2003 med Southampton

Kjelder endre