Jody Williams
- For bluesmusikaren, sjå Jody Williams (1935-).
Jody Williams (fødd 9. oktober 1950) er ein amerikansk lærar og hjelpearbeidar. I 1997 vart ho tildelt Nobels fredspris i eigenskap av å vere leiar for Den internasjonale kampanjen mot landminer.
Jody Williams | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 9. oktober 1950 (74 år) Brattleboro |
Yrke | professor, menneskerettsaktivist, fredsaktivist |
Språk | engelsk |
Medlem av | Nobel Women's Initiative |
Jody Williams på Commons |
Ho er utdanna ved University of Vermont, School for International Training og Johns Hopkins University. Ho har sidan 2003 vore tilsett ved University of Houston.