Opna hovudmenyen

Johan Syrstad

norsk politikar

Johan Syrstad (fødd 3. februar 1924) er ein norsk gardbrukar og politikar frå Meldal i Sør-Trøndelag. Han møtte på Stortinget 1968-71, 1972-73 og 1977-85, vald frå Sør-Trøndelag og for Senterpartiet.

Johan Syrstad
Fødd 3. februar 1924
Yrke politikar, bonde

Syrstad gjekk folkehøgskule vinteren 1941/42, økonomisk gymnas 1947-48 og landbruksskule 1948/49. I 1950 tok han over farsgarden Syrstad og dreiv denne til 1988. Frå 1983 til 1991 var han banksjef i Meldal Sparebank.

I tjue år, 1956-75, var Syrstad medlem i heradsstyret, siste 12 åra sat han i formannskapet. Han var styremedlem 1963-68 i Meldal Sparebank, og deretter formann 1968-83.

Syrstad var 2. varamann til Stortinget 1965-69 og 1. varamann til Stortinget 1969-73. Frå 22. mars 1968 til 17. mars 1971 møtte han fast på stortinget i staden for Per Borten, stasministeren. Også i tida 18.10.1972-30.9.1973 hadde han fast tingsete, då den valde representanten Einar Moxnes var landbruksminister. I begge desse tidbolkane var han medlem i Justiskomiteen. Då Per Borten sa nei til attval til stortinget i 1977, vart Syrstad vald til stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag, og attvald 1981. Perioden 1977-81 var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, medan han frå 1981 til -85 var nestformann i Landbrukskomiteen.

Syrstad hadde fleire verv i sentrale næringsorganisasjonar. Han var styremedlem 1971-77 i Norske Melkeprodusenters Landsforbund, og var formann 1978-81. Også styremedlem 1971-75 i Norske Meieriers Salgssentral, sidan nestformann 1975-78 og formann 1978-82. Perioden 1978-81 sat han i styret i Landbrukets Sentralforbund. Han var også 1985-92 medlem i styret for Pengelotteriet.

Elles var Syrstad engasjert i kristelege foreiningar og var både formann og styremedlem i Trøndelag krins av Det norske misjonsselskap 1965-68 og 1974-77. Frå 1972 til -78 var han landsstyremedlem i Det norske misjonsselskap.

KjelderEndra