Johan Wiland

svensk fotballspelar

Johan Wiland (fødd 24. januar 1981 i Borås i Västra Götaland) er ein svensk fotballspelar som har spela som keeper for FC København i den danske fotballigaen. Han har òg landskampar for Sverige.

Johan Wiland
Personleg informasjon
Fødd 24. januar 1981
Fødestad Borås
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
FC København
Nummer 21
Ungdomsklubbar
Sverige Rydboholm
Sverige Elfsborg
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2008
2009-
Sverige Elfsborg
Danmark FC København
206 (0)
37 (0)
Landslag
2001-04
2005-
Sverige Sverige U21
Sverige Sverige
11 (0)
5 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. oktober 2010

Wiland kom til den svenske toppserieklubben Elfsborg som 16-åring i 1997. Han vart i klubben i 11 år, fram til 2008-sesongen, og vart seriemeister i Sverige med Elfsborg i 2006. 1. januar 2009 gjekk han til den danske toppklubben FC København og vart seriemeister med dei i 2009 og 2010.

Wiland debuterte for Sverige sitt A-landslag i januar 2007 under ein landslagsturné til Sør-Amerika. Han var med i Sverige sin tropp til fotball-EM i 2008 som reservekeeper, men fekk ikkje spela nokon kampar i meisterskapen.