Opna hovudmenyen

Johann Gottfried Walther (18. september 168423. mars 1748) var ein tysk organist og komponist. Som organist i Weimar vart han ein nær ven av trimenningen Johann Sebastian Bach.

Johann Gottfried Walther
Walther-Johann-Gottfried-01.jpg
Fødd 18. september 1684
Erfurt
Død

23. mars 1748
Weimar

Yrke komponist, organist, musikkforskar, musikkteoretikar
Johann Gottfried Walther på Commons

Best kjend er Walther for orgelkoralane sine, ein stil mange meiner berre Bach meistra betre enn han, og for eit av dei fyrste musikkoppslagsverka nokon gong — Musicalisches Lexicon (1732).