Johannes Müller

Norsk målar

Johannes Marius Hartmann Müller (8. desember 186324. november 1945) var ein norsk målar frå Ullensaker.

Johannes Müller
Fødd 8. desember 1863
Ullensaker
Død

24. november 1945
Oslo

Felt landskapsmåleri
Yrke kunstmålar

Müller var fødd i Ullensaker som son av soknepresten Jahn Collett M. (1826—1916) og Johanne Marie Edvardine Hartmann.[1]

Han utdanna seg som målar på Krohg og Werenskiold sin målarskule i 1886, og studerte i Paris frå 1893 til 1895.[1]

Müller vart frå slutten av 1880-åra lagt merke til gjennom sine vemodige kvelds- og nattstemningar, til dømes Kveld i august (1889), De siste solstråler (1892), Sommeraften i Eidsvåg (1894), Sommernatt på fjellet (1896) og Måneoppgang (1896), det siste kjøpt av kong Oscar II.

Müller fann mange motiv i Gudbrandsdalen. Måleriet Fra Vågå (1897) er i Nasjonalgalleriet i Oslo, medan Fjellbekk, eit høgfjellsmotiv frå same området og måla i 1907, høyrer til Bergen Billedgalleri. Seinare henta han også motiv frå kystnaturen på Aust- og Sørlandet.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Bjørn Steenstrup (1930). Hvem er Hvem?. s. 299.