John Kilian Houston Brunner (24. september 193426. august 1995) var ein britisk forfattar av skjønnlitterær prosa og poesi, mest kjend som science fictionforfattar.[1]

John Brunner
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 24. september 1934
Wallingford
Død

25. august 1995 (60 år)
Glasgow

Yrke romanforfattar, skribent, science fiction-forfattar
Språk engelsk
Far Anthony Brunner
Mor Amy Phyllis Ivy Felicity Whittaker
Ektefelle Marjorie Rosamond Sauer, Liyi Tan

John Brunner var fødd i Wallingford i Oxfordshire i England. Han debuterte med romanen Galactic Storm under pseudonymet Gill Hunt i ein alder av 17 år,[2] men fekk så eit opphald i bokutgjevingane fram til 1959. Han publiserte fleire noveller i mellomtida, til dømes «Thou Good and Faithful» som var med i mars 1953-nummeret av Astounding under pseudonymet John Loxmith.[3]

Han fekk Hugo-prisen i 1969 for romanen Stand on Zanzibar,[4] og BSFA Award frå British Science Fiction Association for den same boka og for The Jagged Orbit året etter.[5]

Referansar

endre
  1. The Encyclopedia of Science Fiction om John Brunner
  2. «Five Fascinating Facts about John Brunner» hos Interesting Literature
  3. The Encyclopedia of Science Fiction om John Brunner
  4. The Hugo Awards sin nettstad om utdelingane av Hugo i 1969
  5. «British Science Fiction Association Award» på Worlds Without End

Bakgrunnsstoff

endre