John Herald

John Herald (6. september 193918. juli 2005) var ein USA-amerikansk folk- og bluegrass-musikar og låtskrivar. Han var ein gong medlem av The Greenbriar Boys,[1][2] men arbeidde elles mykje som studiomusikar.

John Herald
Fødd6. september 1939(1939-09-06)
FødestadNew York City i USA
Død18. juli 2005 (65 år)
OpphavUSA
Aktiv1959–2005
SjangerFolk, bluegrass
InstrumentGitar
Tilknytte artistarThe Greenbriar Boys, John Herald Band
PlateselskapVanguard, Paramount
Verka somMusikar

I 1958 skipa Herald bandet The Greenbriar Boys, i lag med Bob Yellin (banjo) og Paul Prestopino (mandolin). Herald var sologitarist og vokalist. Trioen spelte ofte i Greenwich Village. Kort tid etter dei akkompagnerte Joan Baez på den andre plata hennar, fekk The Greenbriar Boys kontrakt med Vanguard Records, der dei gav ut tre plater. I 1969 spelte Linda Ronstadt inn Herald sin «High Muddy Water».

Etter trioen vart oppløyst spelte Herald som studiomusikar for Vanguard. I 1972 gav han òg ut eit sjølvoppkalla soloalbum for Paramount Records.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra