John Humphrey
John Michael Humphrey er ein bassist som har turnert med gitaristen Scott Henderson sidan 1998, i lag med trommeslagaren Kirk Covington, som ein trio. I lag spelte dei inn Well To The Bone i 2003. Humphrey har òg vore tilsett som bass-instruktør for Musician Institute i Hollywood.
John Humphrey | |||
Opphav | Canada | ||
---|---|---|---|
Instrument | bassgitar, gitar | ||
Verka som | musikar |
Humphrey og Scott Henderson hadde tidlegare spelt i lag i gruppa til Jean-Luc Ponty under «Fables»-turneen i 1986.
Frå 1990 til 1995 spelte Humphrey bass for Carole King. Han spelte med ho i 1992 på albumet hennar The Colour of Your Dreams, og i 1994 på In Concert, og han deltok i PBC-videoproduksjonen Carole King, In Concert.
Humphrey har tidlegare turnert som medlem av gruppa Savoy Brown, han spelte med dei i 1981 på albuma deira Rock'n'Roll Warriors and Greatest Hits Live.
Humphrey har tre brør som òg er profesjonelle musikarar: skodespelaren Mark Humphrey speler trommer, Paul Humphrey speler klaverinstrument og gitar og Andy Humphrey er ein gitarist. Paul og Andy er òg songarar og låtskrivarar.