John Mole
John Mole (25. april 1949–1. august 2006) var ein engelsk bassgitarist.
John Mole | |||
Fødd | 25. april 1949 | ||
---|---|---|---|
Død | 1. august 2006 (57 år) | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist |
Mole vart fødd i Stratford i London. Mole var medlem av Jon Hiseman-bandet Colosseum II, og arbeidde sidan med andre medlemmar i bandet, som Gary Moore og Don Airey. Han spelte òg med det britiske jazzfunkbandet Morrissey–Mullen seint i 1970-åra, og som studiomusikar for artistar som Barbra Streisand og John Dankworth.
Han vart den faste bassisten for Andrew Lloyd Webber, og spelte mellom anna på Variations, Cats og Starlight Express i 1980- og 1990-åra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Mole» frå Wikipedia på engelsk, den 7. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Obituary in The Bass Player Magazine 2006