Jorōgumo (絡新婦 (kanji) (じょろうぐも (hiragana))) er ein type yōkai, eit vesen frå japansk folklore, i form av ein edderkopp som kan endra form til ei vakker kvinne. I Toriyama Sekien sitt verk Gazu Hyakki Yagyō blir vesenet framstilt som ei edderkoppkvinne som kontrollerer små eldsprutande edderkoppar.

Jorōgumo frå Gazu Hyakki Yagyō av Toriyama Sekien.

Soger endre

I tekstar frå edotida, som Taihei-Hyakumonogatari (太平百物語) og Tonoigusa (宿直草) opptrer det jorogumo som kan ta form som kvinner.[1]

Tonoigusa endre

«Ting ein bør koma i hug, sjølv i krevande tider» (Kifunaru Toki mo, Shian Aru Beki Koto, 急なるときも、思案あるべき事) fortel om ein ung kvinne som ser ut til å vera rundt 19 eller 20 år gammal som dukkar opp for ein ung krigar (bushi). Ho seier til barnet ho har med seg: «Han er definitivt far din. Gå og bli omfamna.» Krigaren ser gjennom løgna hennar og skjønar at ho er ein yōkai. Han svinger sverdet sitt mot henne, og ho flyktar til eit loft. Dagen etter finn dei ein død jorōgumo som er ein eller to shaku lang på loftet, i lag med mange lik som jorōgumien hadde fortært.[2]

Taihei Hyakumonogatari endre

 
«Magoroku Jorōgumo ni Taburakasareshi Koto» (孫六女郎されはにたぶらかし事) frå Taihei Hyakumonogatari

«Korleis Magoroku blei lurt av ein jorōgumo» (Magoroku Jorōgumo ni Taburakasareshi Koto, 孫六女郎のうたぶらかされし事) fortel om Magoroku som sov på verandaen sin i Takada i Sakushu (noverande Okayama prefektur). Då han skulle til å duppa av, dukka ei kvinne i 50-åra opp. Ho sa at dottera hennar hadde sett Magoroku og likte han, og inviterte han til godset sitt. Der bad ei 16-17 år gamal jente han om å gifta seg med henne. Sidan han allereie var gift, takka han nei, men jenta bad vidare. Ho hevda at han nesten hadde drepe mor hennar to dagar før, og likevel ho vitja ho han likevel. Han kunne ikkje la kjenslene hennar vera for inkje. Magoroku blei forvirra, og flykta. Huset forsvann medan han sprang, og han oppdaga han var tilbake på verandaen. Kona hans forsikra han om at han hadde sove på verandaen heile tida. Magoroku såg seg omkring og kom fram til at det berre var ein draum. Han merka seg og ein liten jorō-edderkopp som hadde laga eit nett i taket. Han blei letta, og kom på korleis han hadde drive bort ein edderkopp to dagar tidlegare.[3]

Legender etter område endre

Jōren-fossen i Izu endre

I Jōren-fossen i Izu i Shizuoka prefektur skal det leva ei herskarinne over jorōgumoar. av fosset. Den lokale legenda fortel om ein mann som kvilte ved sida av dammen under fossen då jorōgumoar prøvde å dra han inn i fossen ved å kasta nett rundt beina hans. Mannen flytta netta til ein trestump, som blei slept inn i fossen i staden for han.[1]

Etter dette våga ikkje folk i landsbyen å dra nær fossen lenger. Men ein dag prøvde ein tømmerhoggar som ikkje var kjent på staden å fella eit tre, og mista yndlingsøksa si i dammen ved fossen. Då han prøvde å gå ned for å hente øksa si att, kom det ei vakker kvinne til han og gav henne tilbake. «Du må aldri fortelja nokon kva du såg her,» sa ho. Ei tid heldt han på løyndommen, men etterkvart som dagane gjekk, blei behovet over å dela historia sterkare. Til slutt delte han soga medan han var full på ein fest. Han følt seg fri og fredsam, og gjekk for å sova, men vakna aldri igjen.[4] I ein annan versjon blei tømmerhoggaren trekt ut av ein usynlig streng, og liket hans blei funne flytande dagen etter ved Jōrenfossen.[5]

I ein annan versjon blei tømmerhoggaren forelska i ei kvinne han møtte ved fossen. Han vitja henne kvar dag, men blei svakare kvar gong. Presten (oshō) i eit tempel i nærleiken mistenkte at han blei lurt inn av jorōgumo-herskarinna i fossetn, og gjekk med han for å synga ein heilag sutra. Då ein spindelvevtråd kom mot tømmerhoggaren, ropa oshōen høgt, og tråden forsvann. No visste tømmerhoggaren at kvinna faktisk var ein jorōgumo, men han heldt fram med å vitja henne, og søkte om lov til å gifta med henne frå tenguen til fjellet. Då tenguen nekta han, sprang tømmerhoggaren mot fossen,der han blei fanga av edderkoppetrådar og forsvann i vatnet.[6]

Kashikobuchi i Sendai endre

Også andre område har legender om at folk blir dratt inn i ein foss av ein jorōgumo, og bruken av trestumpar som åte. I soga om Kashikobuchi i Sendai blei det høyrt ei røyst som sa, ‘lurt, lurt’, (kashikoi, kashikoi), etter at trestumpen var blitt trekt inn i vatnet. Soga er truleg opphav til namnet Kashikobuchi eller ‘lur avgrunn’.[1][7] Jorōgumoen i Kashikobuchi blei tilbeden for å verna seg mot vasskatastrofar, og det finst enno monument og torii-portar innskrivne med den buddhistiske setningen "Myōhō Kumo no Rei" (妙法蜘蛛之霊).[7]

I ei anna soge kom ein ål som budde i avgrunnen til ein mann Genbe, og forvandla seg til ei vakker kvinne. Ho åtvara han om at jorōgumoen i avgrunnen kom til å angripa henne dagen etter. Kvinna sa ho aldri ville kunna matcha jorōgumoen i makt, og bad om hjelp frå Genbe. Han lova å hjelpa henne, men dagen etter blei han redd og gøymde seg i huset sitt. Ålen tapte kampen mot jorōgumoen, og Genbe døydde av galskap.[8]

I seinare kultur endre

I Demon Slayer har Spider Demon (Mother) (蜘蛛鬼『母"", Kumo Oni (Haha)) form som ei kvinne med evne til å kontrollere offera sine ved hjelp av tråder, festa av små kvite og raude edderkoppar, etter inspirasjon frå jorōgumoar.

I tv-serien Rise of the Teenage Mutant Ninja Turtles er ein av dei viktigaste skurkane Big Mama. Ho opptrer fyrst som ei vakker kvinne, men blir deretter avslørt som ein yokai, som i røynda har form som ein stor edderkopp. Ho lurer og manipulerer dei mannlege hovudpersonane ei rekkje gonger.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 村上健司編著 (2000). 妖怪事典. 毎日新聞社. s. 190–191頁. ISBN 978-4-620-31428-0. 
  2. 荻田安静 (1989). «宿直草». I 高田衛編・校注. 江戸怪談集. 岩波文庫 . 岩波書店. s. 39–41. ISBN 978-4-00-302571-0. 
  3. 市中散人祐佐 (1987). «太平百物語». I 太刀川清校訂. 百物語怪談集成. 叢書江戸文庫. 国書刊行会. s. 327–329. ISBN 978-4-336-02085-7. 
  4. 宮本幸江・熊谷あづさ (2007). 日本の妖怪の謎と不思議. 学習研究社. s. 59. ISBN 978-4-056-04760-8. 
  5. 人文社編集部編, red. (2005). 諸国怪談奇談集成 江戸諸国百物語. ものしりシリーズ 東日本編. 人文社. s. 72. ISBN 978-4-7959-1955-6. 
  6. 宮本幸枝 (2005). 津々浦々「お化け」生息マップ - 雪女は東京出身? 九州の河童はちょいワル? -. 大人が楽しむ地図帳. 村上健司監修. 技術評論社. s. 80. ISBN 978-4-7741-2451-3. 
  7. 7,0 7,1 «賢淵». 協同組合インフォメーションテクノロジー関西. Arkivert frå originalen 7. oktober 2008. Henta 14. februar 2009. 
  8. 大島広志責任編集, red. (1990). ふるさとの伝説|和書 9. 伊藤清司監修. ぎょうせい. s. 36. ISBN 978-4-324-01744-9.