Jordvoks
Jordvoks eller ozokeritt er ei naturleg blanding av faste hydrokarbon. Det er eit voksliknande med gulaktig, grønleg eller brunleg til svart farge og aromatisk lukt. Det har variabelt smeltepunkt, 55–110 °C. Det finst fleire stader saman med kol og bitumen og i samband med petroleumsførekomstar. Ved reinsing og bleiking vert det utvunne eit kvitt produkt (ceresin), som mellom anna nyttast til framstilling av lys og til lêrimpregnering.
Kjelder
endre- Ozokeritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ozokeritt.
- Jordvoks. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 5. august 2014 frå http://snl.no/jordvoks.