Josefine av Noreg og Sverige

Josefine av Noreg og Sverige (14. mars 18077. juni 1876) var dronning av Noreg og Sverige frå 1844 til 1859.

Josefine av Noreg og Sverige

FøddJoséphine Maximiliane Eugénie Napoleone
14. mars 1807
Milano
Død7. juni 1876 (69 år)
Stockholm, Stockholms slott
Titteldronning av Sverige
FøregangarDesideria
EtterfylgjarLouise av Sverige og Noreg
Alle titlarkongegemalinne, prinsesse, hertuginne, Fyrstinne
AliasJosefine av Leuchtenberg
Hus eller slektHuset Bernadotte
GravstadRiddarholmskyrkan
LandSverige, Kongedømet Italia
MorAugusta av Bayern
FarEugène de Beauharnais
EktefelleOscar I
BarnKarl IV av Noreg, Prins Gustaf, Oskar II av Noreg og Sverige, Eugénie Bernadotte, Prins August

Bakgrunn

endre

Josefine var dotter av Eugène de Beauharnais (stesonen til Napoléon Bonaparte) og Augusta av Bayern. Far hennar fekk tildelt tittelen Herzog von Leuchtenberg (hertug av Leuchtenberg) av kong Maximilian I av Bayern i 1817, etter at Napoleon var styrta.

 
Daguerreotyp teke mellom 1844 og 1854 av J.W. Bergström

Ho blei gift 19. juni 1823 med kronprins Oscar, som seinere blei norsk og svensk konge under namnet Oscar I.[1]

Josefine (i Sverige Josefina) blei svært populær i sine nye heimland. Ho blei verande katolikk trass i stort press frå den lutherske svenske statskyrkja for å få henne til å konvertera. Ho arbeidde for religionsfridom, som blei innført i Sverige i 1860.

I tillegg var ho ein pådrivar for bygging av katolske kyrkjer, mellom anna St. Olavs kyrkje i Oslo.[2]

  • Karl (1826–1872), hertug av Skåne
  • Gustaf «Songarprinsen», (1827–1852), hertug av Uppland
  • Oscar (1829–1907), hertug av Östergötland
  • Eugénie (1830–1889)
  • August (1831–1873), hertug av Dalarna

Josefines gate i Oslo har namn etter dronning Josefine.

Kjelder

endre
  1. Biografi – Svenskt biografiskt handlexikon
  2. Thuesen 1991, s. 144.

Litteraturliste

endre