Juffure
Jufureh, Juffureh eller Juffure er ein by i Gambia, 30 kilometer nord for Gambiaelva. I byen ligg eit museum og festninga Jillifree.
Juffure | |||
by | |||
Land | Gambia | ||
---|---|---|---|
Folketal | 406 | ||
Juffure 13°20′19″N 16°22′57″W / 13.338611111111°N 16.3825°W | |||
Plasseringa av Jufureh i Gambia.
| |||
Wikimedia Commons: Albreda |
Byen er kjend for å vera staden der Alex Haley sin stamfar Kunta Kinte blei røva bort frå av slavejegerar på 1700-talet, som skildra i boka Roots.[1] Etter utgjevinga av Roots blei Jufure eit turistmål. Dette førte til økonomisk utvikling for byen, som omfatta bygginga av ein barneskule, ein ny marknad retta mot turistar, og betre vegar.[2]
Juffure hadde 635 innbyggarar ved folketeljinga i 2013,[3] og er samanvaksen med nabobyen Albreda.[4]
I Juffure ligg museet Maurel Frères Building, som er vigd til slaverihistorie. Sidan 2003 har museet vore ein del av UNESCO-verdsarva Kunta Kinteh Island and Related Sites,[5] saman med mellom anna Kunta Kinteh-øya.
Kjelder
endre- ↑ Haley, Alex (1976). Roots: The Saga of an American Family (1. utg.). New York, New York: Doubleday. s. 1. ISBN 0385037872.
- ↑ Wright, Donald (2010). The World and a Very Small Place in Africa: A History of Globalization in Niumi, The Gambia (3. utg.). Armonk, New York: M.E. Sharpe. s. 203. ISBN 978-0-7656-2483-3.
- ↑ Sanyang, Nyakassi M.B.: Directory of Settlements, Gambia Bureau of Statistics (PDF), 2013 Population and Housing Census (engelsk), s. 25. Henta 2 september 2022.
- ↑ Briggs, Philip. «Kunta Kinteh Island and Albreda». The Gambia (på engelsk). Bradt Guides. Henta 2. september 2022.
- ↑ «Kunta Kinteh Island and Related Sites» (på engelsk). Henta 21. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Juffure» frå Wikipedia på svensk, den 11. april 2023.