Juhani Järvinen

finsk skeiseløpar

Jouko Juhani Järvinen (9. mai 193531. mai 1984) var ein finsk skeiseløpar frå Tuulos. Han vart verdsmeister i 1959, og nummer to i EM same sesongen.

Juhani Järvinen
Juhani Järvinen - World Champion of Speed Skating, 1959.JPG
Fødd 9. mai 1935
Tuulos
Død

31. mai 1984
Helsingfors

Yrke skøyteløpar
Juhani Järvinen på Commons

Järvinen tevla internasjonalt frå 1954 til -64. Under Vinter-OL 1956 deltok han på alle fire distansane, der fjerdeplassen på 1500 m vart hans beste plassering.

I 1959-sesongen var Järvinen i sitt livs beste form. Ved EM i Göteborg vart han andremann etter norske Knut Johannesen, slått med vel 0,322 poeng. To veker seinare steig han heilt til topps då VM 1959 i Oslo var over, landsmannen Toivo Salonen syrgde for finsk dobbeltsiger. Den 1. mars same seongen forbetra han verdsrekorden på 1500 m med over to sekundar under prøveleikane i Squaw Valley. Rekordtida 2.06,3 vart ståande i sju år til ho vart slått av nederlendaren Ard Schenk.

Järvinen avslutta tida på skøytebana i 1964, då han mellom anna vart nummer ni i skeise-VM på finsk heimebane. Han døydde i Helsinki, 49 år gammal.

KjelderEndra