Julie Backer
Julie Elisabeth Backer (fødd 31. august 1890 i Kristiania, død 31. desember 1977 i Oslo) var ein norsk demograf og statistikar. Ho var ein av pionerane innanfor demografisk statistikk i Noreg, og vert i dag særleg hugsa for dei historiske undersøkingane sine om dødelegheit.
Julie Backer | |||
| |||
Fødd | 31. august 1890 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 31. desember 1977 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | statistikar, demograf | ||
Institusjonar | Statistisk sentralbyrå | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Ho tok doktorgraden i 1938 og var byråsjef for Statistisk sentralbyrå frå 1936 til 1956 og seinare konsulent i forskingsavdelinga same stad. Ho gjorde fleire ekspertoppdrag for internasjonale organisasjonar og skreiv mange avhandlingar, særleg om folketalsstatistiske og medisinsk-statistiske emne.
Julie Backer vart vald inn i det internasjonale statistiske institutt i 1948 og var medlem av den internasjonale union for vitskaplege folkestudiar. Ho var òg medlem av ekspertkommisjonen til Verdas helseorganisasjon for statistisk klassifikasjon av medisinske diagnosar.
Kjelder
endre«Julie Elisabeth Backer» i Store norske leksikon, snl.no.