Juret er mjølkeorganet på kyr, geiter, sauer og fleire andre pattedyr. Organet produserer mjølk, og har spener som avkommet til dyra kan drikke frå. Sau, geit og hest har to mjølkekjertlar som kvar munnar ut i ein spene. Kyr har fire spenar. Dei fleste husdyr har éin mjølkekanal i kvar spene, men hest har 2-3 kanalar.

Geitejur.

Mennesket nyttar mjølkeproduksjonen til dyr for å mjølke. Det er mest vanleg å mjølke kyr, men ein mjølker også geiter, sauer, hestar og kamelar.

Det hender ofte at dyr får sjukdom i juret. Spesielt for storfe er det svært vanleg med mastitt (også kalla jurbetennelse). Dei aller fleste kyr i fjøs får mastitt minst ein gong i livet.

Oppbygginga av kujuret.
Jur på ku i Tanzania.
Hestejur.

Oppbygging av jur hjå storfe endre

Oppbygginga av juret varierer frå dyreart til dyreart. Denne delen tar for seg juret til storfe.

Juret er delt i fire seksjonar, ein for kvar spene. Seksjonane er totalt skilde frå kvarandre og sjukdom kan ikkje smitte internt mellom delane. Juret er fylt med vev. Mjølka vert produsert og vert lagra i vevet. Det må straume 400 liter blod gjennom juret for å produsere 4 liter mjølk.

Spenene fungerer som ei cisterne. Inni spena er det eit opent rom der mjølka kan kome ned frå hovuddelen av juret, og kan pressast eller sugast ut under. Om ein klemmer på ei spene fylt med mjølk, er det lettare for mjølka å gå opp enn ned, så ho vil forsvinna opp i juret. Derfor er trikset med mjølking å kunna sperra av over mjølka, og klemma på området der det er mjølk for å få ho pressa ut.

For at ein skal få mjølk ut av juret, må kua først «gi ned». Det vil seia at ho byrjar å sleppa mjølk ned frå juret til spenene. Dette skjer naturleg ved at kalven sleikar på juret. Under mjølking i fjøs skjer det ved at juret vert vaska med ein varm våt klut. Nokre gardar brukar berre vanleg papir til å vaska jura, men dette er ikkje like effektivt. Når juret vert stimulert, går det signal til hjernen, og han byrjar å produsera hormon som får kua til å gi ned. Sidan dette skjer via hormon og ikkje nervar, tek det om lag eit halvt minutt frå kua blir stimulert til ho gir ned.

Nedgivingseffekten varar vanlegvis i om lag to minutt, om ikkje juret vert stimulert vidare (av mjølkeanlegget).

Hjå nokre kyr kjem nedgivinga lettare enn hos andre, og hos nokre kjem ho berre bonden kjem inn i fjøset og byrjar å mjølka, for då veit kua at det snart er hennar tur. Det er derfor mange kyr renn i båsen når bonden kjem, men likevel aldri elles.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«jur» i Store norske leksikon, snl.no.