Juraføderasjonen
Juraføderasjonen var den viktigaste anarkistiske seksjonen av den Første Internasjonalen, basert i stor grad blant klokkemakarar i Jura-fjella i Sveits. Juraføderasjonen og andre anarkistiske seksjonar vart utestengde frå internasjonalen etter kongressen i Haag i 1872.
Anarkistar i Juraføderasjonen spela ei stor rolle med å gjere Pjotr Kropotkin til anarkist. I memoarane sine skriv Kropotkin: «Dei egalitære tilhøva eg fann i Jura-fjella, dei sjølvstendige tankane og uttrykka eg såg utvikle seg mellom arbeidarane der, og deira grenselause kjærleik til saka, tiltala meg sterkt; og da eg fór frå fjella, etter å ha vore ei veke hos klokkemakarane, var synet mitt på sosialismen klart. Eg var anarkist.»