Jurij Khmyljov
Jurij Aleksejevitsj Khmyljov (fødd 9. august 1964) er ein sovjet-russisk tidlegare ishockeyspelar frå Moskva. Venstrevengen vart verdsmeister for Sovjetunionen i 1986, 1989 og olympisk meister i 1992.
Jurij Khmyljov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 9. august 1964 (60 år) Moskva |
Idrett | ishockey |
Tok del i | Vinter-OL 1992 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Khmyljov spelte frå 1981 til 1992 på Krylja Sovetov. På 456 kampar skåra han 163 seriemål. Sommaren 1992 fekk han kontrakt med Buffalo Sabres og tente den klubben i National Hockey League fram til 1996. Han la ishockeyutstyret på hylla i 1999.
Khmyljov vann gullmedalje i VM 1986, sølv i VM 1987 og atter gull i VM 1989. Under dei olympiske vinterleikane 1992 toppa han karrieren med olympisk gullmedalje.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yuri Khmylev» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2020.