Jurjuzan
Jurjuzan (russisk Юрюза́нь) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jurjuzan, ei sideelv til Ufa), 254 km frå Tsjeljabinsk og 6 km frå den lukka byen Trjokhgornyj.
Jurjuzan Юрюзань | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Tsjeljabinsk oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1758 1943 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) |
13 300 | |
Koordinatar | 54°52′00″N 58°26′00″E / 54.86667°N 58.43333°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 35147 |
Han vart grunnlagd i 1758 som busetnaden Jurjuzan-Ivanovskij Zavod (russisk: Юрюза́нь-Ива́новский Заво́д) i samband med bygginga av eit jernverk. Frå slutten av 1800-talet var busetnaden kjent som Jurjuzanskij Zavod (russisk: Юрюза́нский Заво́д). Han fekk bystatus og vart omdøypt til Jurjuzan 18. juni 1943.
Økonomien i byen er sentrert rundt ein stor fabrikk som produserer kjøleskap.