Juvikfolket

bokserie av Olav Duun

Juvikfolket er ein serie bøker som utkom frå 1918 til 1923, og som vert rekna for å vere Olav Duun sitt hovudverk. Serien omfattar dei seks bøkene: Juvikingar, I blinda, Storbrylloppet, I eventyret, I ungdommen og I stormen.

Ei tobindsutgåve frå 1927, med omslagsbilete av Albert Jærn

Romanane skildrar livet til seks, sju generasjonar juvikingar på 1800-talet og den første delen av det 20. hundreåret. Odin Setran er hovudpersonen i dei tre siste bøkene.