Jyllandsslaget

Jyllandsslaget er nemninga på det største sjøstridsslaget under den 1. verdskrigen. Slaget fann stad 31. mai til 1. juni 1916, om lag 60 nautiske mil vest av Jylland i Danmark. Slaget stod mellom marinefartøy frå Tyskland og Storbritannia.

1246 liv gjekk tapt då kryssaren Queen Mary gjekk ned. Berre 20 mann vart berga

Rundt 250 skip tok del i slaget, som var på sitt mest intense frå 18-tida 31. mai. Det stod på til den tyske flåten ei stund etter midnatt 1. juni, i skodde og mørke, braut av og returnerte til hamner i Tyskland. 14 britiske skip og 11 tyske gjekk til ned. Til saman 9 000 mann omkom i slaget.

Sjølv om Tyskland kom best frå slaget, vart dei største tyske krigsskipa liggjande i hamn resten av krigen.

KjelderEndra