K-300P Bastion-P (NATO-kallenamn SS-C-5 Stooge) er eit russisk mobilt kryssarmissilsystem for kystforsvar. Systemet vart utvikla saman med Kviterussland og selskapet Tekhnosoyuzproekt.

Bastion-P før missilutskyting.

Design endre

Den viktigaste rolla i Bastion-P er å engasjera overflateskip inkludert hangarskipsgrupper, konvoiar, og landgangsfartyg. Eit typisk batteri består av 1-2 kommando og kontroll køyretøy basert på Kamaz 43101 6×6 lastebil, ei støttekøyretøy, fire avfryringsrampar basert på MZKT-7930 8×8 chassis med 3 mann som operatørar. Kvar avfyringsrampe har to missil.[1][2]

Missilet som vert brukt av Bastion-P er P-800 Oniks, eit supersonisk sjømålsmissil med eit 200–250 kilogram (440–550 lb) stridhovud. Det vert avfyrt vertikalt frå rampa ved hjelp av ein hjelperakett med fast drivstoff for første akselerasjon, deretter brukar missilet ei væske-drivstoff ramjet for vedvarande kryssarfart på Mach 2.5 . Oniks/Yakhont har rekkjevidde som varierer på 120–300 kilometer (75–186 mi; 65–162 nmi) med ein låg-låg-eller høy-låg fluktbane, høvesvis. Ved hjelp av satellitt rettleiing på den første etappen og aktiv radar rettleiing når missilet nærmar seg eit mål, missilet kan fly til ei høgd på 14 000 meter før nedstigning til havet med skimminghøgde på 5 m på den siste etappen.

Operativ historie endre

2. mars 2011 vart det rapportert at Russland ville plassera systemet på Kurilane i Det fjerne Austen.[3] Utplasseringa vart endeleg gjennomført i 2016.[4]

15. mars 2015 vart det rapportert at Russland hadde utplassert systemet på Krimhalvøya.[5][6]

 
Kart med K-300P operatørar i blått.

Russland rapporterte 15. november 2016 at det var deployert K-300P Bastion-P system til Syria, der det vart avfyrt Oniks rakettar mot landmål[7] som ein del av den russiske militære intervensjonen i Syria. Dette demonstrerte at missilet òg kunne brukast mot landmål, noko som tidlegare ikkje var kjent. P-800 brukar ein kombinasjon av autopilot, MODULAR, og ein radiohøgdemålar for midt-kurs, rettleiing og ein monopuls dual-modus aktiv/passiv søkjar for terminal rettleiing. Programvare modifisert i styringssystem til Bastion gjer at missilet kan treffe stasjonære landmål ved hjelp av førehandsprogrammerte koordinatar.[8]

Variantar endre

  • K-300P - TLF variant, LACM eller AShM, som vert hovudsakleg brukt i kyst-rakett-styrkar.
  • K-300 - silo-baserte versjonen, sannsynlegvis ein av rollene vil vera i kyst-rakett-styrkar.
  • Bastion E - annan kyst-variant.

Kjelder endre

  1. Bastion-P Costal defense missile system
  2. 3K55 Bastion
  3. «Russia to deploy Bastion coastal missile systems at Kurils». Rusnavy.com. 3. februar 2011. Arkivert frå originalen 3. april 2019. Henta 3. september 2013. 
  4. «Комплексы "Бастион" на острове Матуа отработали защиту от надводных угроз». Arkivert frå originalen 15. oktober 2022. Henta 15. oktober 2022. 
  5. Smith-Spark, Laura; Eshchenko, Alla; Burrows, Emma (16. mars 2015). «Russia was ready to put nuclear forces on alert over Crimea, Putin says». CNN. Henta 16. mars 2015. «In the documentary, Putin said Russia's Bastion high-precision coastal missile defense systems had been deployed to Crimea to protect the territory -- 'in such a way that they were seen perfectly well from outer space.'» 
  6. «Russia deployed Bastion coastal missile systems on Crimean peninsula». spiegel.de. 15. mars 2015. Arkivert frå originalen 7. februar 2017. Henta 15. mars 2015. 
  7. «Russian bombing by aircraft carrier in Syria, hours after Putin-Trump call». 15. november 2016. Arkivert frå originalen 14. desember 2019. Henta 10. juni 2017. 
  8. Bastion coastal defense missile system vert prova land attack capability in Syria, arkivert frå originalen 13. desember 2016, henta 2. april 2017 

Bakgrunnsstoff endre