K-punkt
Konstruksjonspunktet, eller K-punktet (òg kalla kalkulasjonspunktet eller det kritiske punkt) er starten av overgangen på unnarennet i ein hoppbakke. Det er det brattaste punktet i bakken. Dersom bakken har eit brattaste parti over ei lengre lengd, er konstruksjonspunktet den nedste, brattaste staden. Lengste lovlege hopplengd, utan at omgangen blir kansellert og farten blir sett ned, blir normalt sett i forhold til konstruksjonspunktet, for eksempel 10 % over. Dette blir kalla jurylengda.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |