KANDU - Norsk Dataungdom (tidlegare Kreativ Aktiv Norsk DataUngdom) er ein ideell organisasjon som blant anna arrangerer datatreffet The Gathering. Organisasjonen blei skipa i 1996. Organisasjonen består av mellom 5 000 og 7 000 medlemmer i Noreg[1][2] og er tilslutta Hyperion og Frivillighet Norge.

KANDU
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer988 148 245
Skipa1996
HovudkontorOslo
Nettstadwww.kandu.no

Historie endre

KANDU blei skipa av blant anna datatreff-arrangørane Crusaders og Cryptoburners i 1996 i samband med at The Gathering (TG) skulle flytte inn i Vikingskipet på Hamar.[3][4] Sidan då har nærom alle deltakarane på arrangementet vore rekna som medlem av organisasjonen, då ein årleg kontingent blir trekt frå deltakaravgifta.[5] I oktober 2004 blei det halde ei generalforsamling der det blei vald eit nytt styre og vedteke at tilhøvet mellom TG og KANDU skulle bli formalisert.

I desember 2004 blei det halde ei ekstraordinær generalforsamling i KANDU for innmelding i Hyperion.

Referansar endre

  1. NTB (10. april 2017), «Ny deltakerrekord for The Gathering», Digi.no (på norsk), henta 4. november 2020 
  2. Vogt, Line Fosser (17. april 2019), «Deltakerne på The Gathering blir stadig yngre», NRK (på norsk bokmål), henta 4. november 2020 
  3. «Om KANDU – KANDU», web.archive.org, 28. mars 2018, arkivert frå originalen 28. mars 2018, henta 26. august 2020 
  4. «The Gathering '96 - Invitation (KANDU)», archive.gathering.org, henta 12. april 2021 
  5. «Detalj i loven truer frivillige organisasjoner etter korona-krisen», www.pressfire.no (på norsk bokmål), henta 4. november 2020 

Bakgrunnsstoff endre