Kabinettsspørsmål
Eit kabinettsspørsmål er det som vert stilt når ei parlamentarisk regjering eller ein regjeringsmedlem set stillinga si inn på å få standpunktet sitt i ei sak vedteke av nasjonalforsamlinga. Føremålet er å presse parti eller grupper som er ein del av det parlamentariske støttegrunnlaget til regjeringa for å få dei til å støtte regjeringa i ei sak som dei elles er ueinige i. Resultatet avgjer altså om ministeren eller regjeringa skal halde fram.
I Noreg har kabinettsspørsmål vorte brukt ei rekkje gonger og var det som til dømes førte til at regjeringa Willoch fall i 1986 og at regjeringa Bondevik I fall i 2000.
Sjå også
endreKjelde
endre- «Kabinettsspørsmål» på SNL.no.