Kai Nielsen
Kai Nielsen (fødd 26. november 1882 i Svendborg, død 2. november 1924 i Frederiksberg) var ein dansk bilethoggar.
Kai Nielsen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 26. november 1882 Svendborg |
Død |
2. november 1924 (41 år) |
Yrke | bilethoggar, kunstmålar |
Ektefelle | Janna Holm |
Kai Nielsen på Commons |
Kai Nielsen var son av urmakaren Christian Nielsen og Anna Maria, og bror til arkitekten Viggo Berner Nielsen. I 1901 kom Nielsen til København der han arbeidde som målarsvein. Han gjekk på Kunstakademiet i København, der han avslutta utdanninga i 1912.