Kakofoni (av gresk kakós, «dårleg» og phōné, «lyd»/«stemme») tyder mislyd og er eit omgrep som vert brukt om musikk som verkar usamanhengande eller lite god å høyre på. Eufoni er det motsette omgrepet.

Ordet vert bruk subjektivt, ofte for å skildre musikk som vert opplevd som komplisert og dissonant. Det vart populært ettersom det høyrest ut som ei elegant forvansking av ordet dodekafoni (tolvtonemusikk), som på 1920–1930-talet vart sett på som endepunktet for kulturen og estetikken av dei konservative lyttarane.

Kakofoni vert også brukt utanfor musikalsk samanheng om det som elles vert opplevd som ulydar.

Kjelder

endre