Kakuro
Ein kakuro (eller Cross Sums på engelsk) er eit slags talkryssord der ein skal plassere siffer inne i eit rutemønster. Det er opphavleg ei amerikansk oppfinning frå 1960-talet, men på 1980-talet tok det av i Japan, der det no deler plassen som det mest populære talspelet med sudoku.
Namnet
endreNamnet kakuro er ei samantrekking av det japanske ordet for «å leggja saman» (kasan) og den japanske stavemåten av det engelske ordet «cross» (kurosu).