Kalendae (latin for «den kalla») er dei første dagane i kvar månad i den romerske kalenderen. Romarane anga desse «kalendae» til den første dagen i månaden, som symboliserte starten på ein ny månefase. Denne dagen skulle pontiffane fastslå kva for dagar som skulle vera Curia Calabra, det vil seia kviledagar, i den kommande månaden. Folk som skulda pengar skulle betala gjeld, som var innskrivne i calendarian, ei slags kontobok. Datum (i dette kalendersystemet) vart angjeven relativt til dagar som kalendae, Nones eller Ides. Til dømes ville tre dagar etter Kalendae, i moderne språkbruk, vera den fjerde dagen i månaden. For å finna dagen til kalendae i inneverande månad, tel ein kor mange dagar som gjenstår i månaden, og legg til to til det talet. Til dømes er 22. april den 10. kalendae i mai, fordi det er åtte dagar igjen i april, ein legg til 2, og får 10.[1]

Kjelder endre

  1. "Calends", Chambers' Cyclopaedia (1728), Vol. 1, s. 143