Kallídromo (gresk Καλλίδρομο) eller Kalidromo, eldre former Kallidromon og Kalidromon, er eit fjell i Hellas. Det ligg i søraust i periferieininga Fthiótida og heilt nordaust i Fokída. Det har ei høgd på 1 372 moh. Den antikke byen Thermopylae (dagens Thermopýles) ligg nordvest for fjellet.

Kallídromo
Καλλίδρομο
fjell
Land  Hellas
Område Fokída og Fthiótida
Høgd 1 372 moh.
Kart
Kallídromo
38°43′43″N 22°36′36″E / 38.728611111111°N 22.61°E / 38.728611111111; 22.61
Wikimedia Commons: Kallidromo

Frå toppen av fjellet kan ein sjå dei nærliggande fjella Parnassós i sør og Gióna i vest. Ein kan òg sjå nordaustlege område av Fthiótida og vestlege område av Évvia.

Nærliggande stader

endre