Denne artikkelen handlar om hovudplagget. For den matematiske tydinga, sjå kulekalott.

Ein kalott (av fransk diminutiv av cale, ei sideform til écale ‘skolm, skal’)[1] er ei tettsittande, rund hue utan brem som berre dekker issen. I Europa vart kalott nytta av både borgarar og embetsmenn på 1500- og 1600-talet. Som ein del av embetsdrakta vart kalotten òg boren av det katolske presteskapet. Fleire austerlandske folkeslag går med kalott, ofte i samband med turban.[2]

Amerikanske jødar 2007 med kvite kippaer eller jødekalottar på issen.
Engelsk muslim 2007 med tradisjonell taqiyah eller takke, ei kalottforma bønelue.
Raud zucchetto (pileolus) boren av ein kardinal i den katolske kyrkja.

Kalott er òg kjend frå enkelte norske folkedrakter.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre