Kalvskindets Skiløberforening
Kalvskindets Skiløberforening vart skipa i 1870 på Kalvskinnet i Trondheim og var den første reine skiløparforeininga i byen. Foreninga var neppe særleg akitv sidan det er få spor etter henne. Truleg omfatta ho ein liten, lukka omgangskrets. Ho vart lagt ned i 1877 då Trondhjems Skiløberforening vart oppretta. Ho kan ha vore skipa som mottrekk etter at det kom ei skøytebane i byen i 1870.
Kjelder
endre- Kjell Haarstad, Skisportens oppkomst i Norge, Tapir, 1993, ISBN 82-519-1157-5