Kamphandlinga 8. juli 1716

Kamphandlinga 8. juli 1716 var eit uavgjort sjøslag då tyrkarane prøvde å erobre øya Korfu (Kerkyra), utanfor vestkysten av det greske fastlandet.

Kamphandlinga 8. juli 1716
Del av den osmansk-venetianske krigen 1714-1718
[[Fil:|300px]]
Dato 8. juli 1716
Stad Korfu
Resultat uavgjort
Partar
 Det osmanske riket  Republikken Venezia
Kommandantar
Canum Hoca Andrea Cornaro
Styrkar
~50 krigsskip 27 krigsskip
Tap
ukjend 116 døde, 250 skadde

Bakgrunn endre

Krigen starta mellom Det osmanske riket og Republikken Venezia den 9. desember 1714, men det var først i juni 1715 at den tyrkiske flåten forlet Dardanellane. Kort tid etter hadde Venezia vorte tvungen ut av nesten heile Morea.

I 1716 var målet til tyrkarane å erobre Korfu. Øya har form som ein hestesko, med dei to enda nærast det greske fastlandet. Dette dannar ei bukt med to smale inngangar. På øya, midtvegs mellom dei to inngangane ligg Korfu by. På grunn av dei rådande vindane er det vanskeleg for seglfartøy å segle inn i bukta frå sør. Den tyrkiske flåten under Kapudan Pasja Canum Hoca forlet Dardanellane i mai 1716 og var på veg rundt Morea og opp vestkysten. Samstundes segla den venetianske kommandanten Andrea Cornaro sør frå Korfu til Sapienza med flåten sin, og forlet galeiflåten bak seg under Andrea Pisani. Då tyrkarane nærma seg trekte han nordover til Zante (Zakinthos), der han vart møtt av Pisani og galeiane. Etter eit søk etter tyrkarane, forstod han den 27. juni at dei hadde segla forbi han, lenger ute til havs, og han segla attende til Korfu, opp vestsida av øya, slik at dei kunne nytte den nordlege inngangen. Pisani var alt i bukta med to galeasar og 13 galeiar.

Den tyrkiske flåten hadde alt runda øya og var ankra opp utanfor den nordlege ingangen, mellom øya og fastlandet. Pisani trekte fartøya sine under kanonane til festninga, og seinare, den 5. juli gjekk han ut den sørlege kanalen. Den 8. juli byrja tyrkarane å setje i land soldatar frå fastlandet og over til nordsida av øya. Samstundes hadde Cornaro nådd Otranto, i det sørlege Italia, den 7. juli, der han fekk vite at tyrkarane var ved Korfu. Han kryssa over til den albanske kysten med 27 skip og segla sørover, gjennom den nordlege kanalen og gjekk til åtak på den tyrkiske flåten, som låg ankra opp utanfor byen.

Slaget endre

Tyrkarane hadde truleg 62 fartøy totalt, og om lag 50 av desse var krigsskip. Av dette var det eitt slagskip med 96 kanonar, 12 slagskip med opp til 84 kanonar og 10 afrikanske skip med 50 kanonar. Resten hadde 54 kanonar. Dei afrikanske skipa vart liggande i ro, nær øya, medan tyrkarane drog anker og segla nordover. Canum Hoca segla fremst og gjekk til åtak på den venetianske fronten, under Cornaro, så bakdelen, under Flangini. Venetianarane vende opp for å halde seg føre vinden, og prøvde å sende eit brannskip. Det mislukkast då dei tyrkiske galeiane taua seglskipa bort. Den siste kamphandlinga skjedde mellom 1530 og 1900 då mørket senka seg og det vart vindstille. Den venetianske flåten segla sørover og ankra opp i ei linje like nord for byen, med tyrkarane litt lenger nord. Ingen av sidene mista skip. Venetianarane fekk 116 omkomne og 250 skadde.

Slaget vart uavgjort, men synte at det var mogeleg å møte den tyrkiske flåten, men kanskje ikkje slå dei, sjølv om dei hadde fleire skip.

Etterverknad endre

Den 10. juli heldt tyrkarane fram med å frakte soldatar til øya, og dei neste seks vekene låg dei to flåtane stort sett i ro medan slaget heldt fram på land mellom tyrkarane og soldatane som verna byen. Pisani segla opp vestkysten av øya, og kom attende med det nye slagskipet «Leone Trionfante» (80), to troppeskip med med 1500 soldatar og eit transportskip med mat. Den 21. juli sende maltesarane forsterkingar med fire slagskip, fem galeiar og to små skip, og den 31. juli kom fire galeiar frå Kyrkjestaten, fem spanske tre toskanske og to genovanske galeiar, samt fire innleigde slagskip frå Kyrkjestaten. Det var nokre forsøk på eit åtak, men dette gjekk stort sett i vasken på grunn av lite vind, og alt som vart gjort var å nytte galeiane til å støtte eit åtak frå byen den 18. og 19. august. Dette var mislukka og det kom eit tyrkisk motåtak. Den 21. august kom seks spanske slagskip til under Marquis de Mari, og same dagen gjekk det tyrkiske kavaleriet ombord att. Den 25. august segla tyrkarane til den nordlege inngangen og forlet øya 26. august.

Kjelder endre