Kamphaugitt-(Y)
Kamphaugitt-(y) er eit mineral som først gongen vart skildra av Gunnar Raade og Brastad i 1993 frå ein helvinførande skarnførekomst i Lier i Buskerud. Den kjemiske samansetjinga er Ca2Y2(CO3)4(OH)2·2–3H2O.
Mineralet er òg funne i granittpegmatittar ved Kragerø og i Tørdal i Telemark, der det er danna sekundært etter kuliokitt-(Y).
Mineralet er kalla opp etter Erling Kamphaug (1931-2000), som var ein norsk mineralsamler.
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (2009, 19. februar). Kamphaugitt-(Y). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kamphaugitt-%28Y%29.