Kantar, cantaro, kintar eller quintar er ei gammal måleining for masse som vart nytta i middelhavslanda, særskild dei muslimske landa. Han var lik hundre arratel eller pund. Storleiken varierte frå land til land, frå ca. 34 kg i Italia til ca. 80 kg på Malta. I dei fleste andre landa var ein kantar rundt 50 kg.

Kjelder

endre
  • Kantar. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/kantar.