Kapp Billings
Kapp Billings, russisk Мыс Биллингса; Mys Billingsa) er eit nes på nordkysten av Tsjukotka i Russland. Området rundt Kapp Billings er fylt med smale landtunger, sandbankar, myrområde og ei rekkje lagunar.
Kapp Billings er det geografiske landemerke som skil Aust-Sibir-havet frå Tsjuktsjarhavet. DeLong-sundet ligg nord for neset.
Neset er kalla opp etter den britiske kapteinen Joseph Billings (1758—1806) som tente i den russiske marinen under tsarina Katarina II av Russland si regjeringstid.
Ein tsjuktsjisk bustnad kalla Gytkhelen ligg nær Kapp Billings.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cape Billings» frå Wikipedia på engelsk, den 7. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: