Kapp Idrettsforening
Kapp Idrettsforening er eit idrettslag, stifta 1913, heimehøyrande på Kapp i Østre Toten kommune i Oppland. Laget er aktiv i fotball, tidlegare også i handball.
Kapp IF hadde sine beste år på 1950-talet. I 1952 nådde laget kvartfinalane i noregsmeisterskapen, det vart slått 3-1 av den seinare noregsmeisteren, Sparta frå Sarpsborg. Våren 1958 rykte Kapp opp i Hovedserien, og spelte 1958/59-sesongen i den, der laget vart desidert sist i B-avdelinga med sine seks poeng.
Laget spelar heimekampane på Kapp idrettsplass, i daglegtale Fauchaldplassen.
Kjelder
endre- Magnus Breili: Fotballboken. 1967
- Denne artikkelen bygger på «Kapp Idrettsforening» frå Wikipedia på bokmål, den 5. oktober 2015.