Cabo da Roca

(Omdirigert frå Kapp Roca)

38°46′51″N 9°29′54″W / 38.780919°N 9.498361°W / 38.780919; -9.498361

Solnedgang like nord for Cabo da Roca.
Fyret på Cabo da Roca

Cabo da Roca (Kapp Roca) er eit nes som utgjer det vestlegaste punktet på det europeiske og det portugisiske fastlandet. Det ligg i kommunen Sintra vest for Lisboa.

Stad endre

 
Steinplaketten på monumentet
 
Cape Roca er ein populær turistattraksjon

Neset ligg i distriktet Lisboa, om lag 40 km vest for Lisboa og 18 km vest for byen Sintra i Sintra-Cascais naturpark. Koordinatane, 38°47′N 9°30′W / 38.783°N 9.500°W / 38.783; -9.500, er skrive inn på ein steinplakett ved monumentet som står på staden. Klippene stig opp av Atlanterhavet til ei høgd på om lag 140 meter over havet.

Historie endre

Neset vart kalla Promontorium Magnum av romarane. Under seglskutetida var det kjend som Lisboaklippa. Den portugisiske diktaren Luís de Camões (1500-talet) skildra Cabo da Roca som staden «der landet sluttar og havet byrjar» (portugisisk Onde a terra acaba e o mar começa).

Landemerke endre

Fyret på neset står på toppen av klippa i lag med ein suvenirbutikk. Neset er ein populær turistattraksjon.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cabo da Roca