Kappløpet om Afrika

Kappløpet om Afrika viser til korleis europeiske stormakter mellom rundt 1870 og 1914 kappast om å sikra seg størst mogleg herredøme over område i Afrika. Desse områda blei danna og styrt som koloniar gjennom ofte blodige kampar mot lokale innbyggjarar. Gjennom slike kolonikrigar klarte dei ulike stormaktene i Europa å få politisk, økonomisk og militær makt over mesteparten av det afrikanske kontinentet.

Politisk kart over Afrika frå Encyclopedia Britannica 1911. Alle område bortsett frå Abyssinia (Etiopia) og Liberia er markerte som tilhøyrande ei europeisk makt.

Kappløpstida er ofte kalla «den nye imperialismen», og hadde fleire årsaker. Dei fleste historikarar er einige om at økonomiske interesser, maktkamp mellom stormaktene og nasjonalisme var dei viktigaste drivkreftene til imperialismen som førte til det europeiske kappløpet om å erobra flest koloniar i Afrika.

I 1870-åra var tevlinga mellom dei europeiske maktene så intens at europeiske statsleiarar frykta at kolonikappløpet kunne føra til krig mellom dei. For å unngå dette kalla Otto von Bismarck saman til ein konferanse i Berlin. Berlinkonferansen hadde deltakarar frå ei rekkje europeiske land, men ingen afrikanarar. Dei europeiske statsleiarane delte dei gjenverande delane av Afrika mellom seg utan omsyn til etniske og geografiske tilhøvet. Konferansen hadde berre som mål å hindra europeisk kriging, dermed blei områda fordelt under føresetnad om at kolonimakta skulle ha fullstendig kontroll gjennom erobring.

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.