Kapselfrukt eller berre kapsel er ein frukttype som er tørr og ofte fargelaus.[1] Når frøa er mogne opnar frukta seg og set dei fri. Som regel blir frøa spreidde ved at den tørre stengelen som kapselen sit på blir sett i rørsle av til dømes vind eller dyr, slik at frøa blir kasta ut frå kapselen.

Fruktene til kvit jonsokblom er tannkapslar
Foto: Matt Lavin

Frukttypen er utbreidd og finst i mange variantar, som sprekkapsel, porekapsel, tannkapsel og lokkapsel.

Kjelder

endre
  1. Aarnes, Halvor; Sunding, Per (10. januar 2017), «Kapsel: botanikk», Store norske leksikon